Ser at Vågåheimens venner har kome med eit skriv til Vågå Kommune,der dei omtalar drifta og dei ansatte ved Vågåheimen i negative ordlag. Rett nok skriv dei at mykje er bra,men fokuserer på det negative.

Vi er skuffa og lei oss for at slike meiningar kjem fram.

Vi har vore pårørande ved Vågåheimen i over 10 år og kjenner oss ikkje att i det som er skrivi. Våre har gjeve uttrykk for godt stell og trivsel i alle år.

Vi har følt oss velkomne og får eit nikk,eit hei eller ein kommentar når vi kjem innom. Ellers blir vi oppdatert ved forandring med for eksempel helsetilstand, matinntak og medisinbruk. Likeeins hvis noko manglar.

Vi blir servert kaffe og biteti med eit smil på lik linje med bebuarane. Utanom kaffetid, er det kaffeautomat til disposisjon. Vi har også hatt med oss slekt langvegsfrå som har fått tilbod om middag etter middagstid. Vågåheimens venner vil ha ordentleg biteti når dei kjem. Kva er godt nok? Kjeks? Fersk bakst? Vågåheimen har eit stramt budsjett. Skal det brukast ekstra midler til ordentleg biteti eller skal det brukast på bebuarane?

Vågåheimens venner påstår at betjeninga gjøymer seg bort i matpausa. Det er vel ei rettigheit at ansatte har matpause på eit egna rom,eller forventar venneforeninga at betjeninga skal flyge rundt med brødskiva i handa?

Venneforeninga påstår at den enkelte brukar må bli stelt av personalet slik som ein ville stelt sine eigne.(sitat). Meiner venneforeninga at det ikkje er godt nok stell i dag?

Til døkk ansatte på Vågåheimen: Vi har inntrykk,og stoler på at døkk utfører det daglege arbeidet til det beste for bebuarane på Vågåheimen. Føl stoltheit for arbeidet. Vi er glade for det døkk gjer kvar dag. STÅ PÅ!