Så snart dommaren bles i gang andre omgang, var det totalt slutt. Natta.

I løpet av eit snautt kvarter slapp Lom inn fire mål, etter heller slett forsvars- og keeperspel.

To av måla til Ringebu/Fåvang kom etter corner, eit tredje etter at eit frispark fekk fri veg gjennom muren, traff stanga og enda opp i føtene på ein motspelar.

Sjølv om Lom-spelarane vann duellar, var det ingen som gadd og ta andreballen. Det var tafatt og ubesluttsomt.

– Dei fyrste minutta av andre omgang var rett og slett ein katastrofe, sa trenar Øyvind Moe.

Ringebu/Fåvang putta to mål til i ein omgang lomværane verkeleg må finne ut kva gjekk gale med.

Innimellom måla mot, putta Sjur Slettom eit mål for Lom. Solomon skåra dei to i fyrste omgang for Lom.

Denne kampen var slett ikkje nokor trøyst å sjå etter å ha sett tidlegkampen i Premier League denne laurdagen.

Lom får det sanneleg tøft mot Vågå i lokalderbyet på Halland neste helg.

Eit ljospunkt: Det var vår i lufta.