– Eg gler meg, skriv Kaja Vik på Fjellflyt si nettside.

Fjellflyt driv med gründertrening og er starta opp av Torill Bye Wilhelmsen.

Kaja Vik skal vere dagleg leiar i verksemda og skal halde tråden i gjennomføringa av kurs, samlingar og prosjekt.

Ho skal også vere husvert på BETA på Liehjørna. Det er søkt om tilskot frå Vågå kommune i støtte til husvert med arbeidsoppgåver som marknadsføring, nettverksbygging og omdømmebygging av BETA. Formannskapet skal behandla saka tysdag 8. mai.

BETA har i løpet av dei to fyrste åra hatt innom cirka 25 personar som har leigd kontor, og medlemstalet per nå er på 14 personar. BETA har oppnådd mykje merksemd for den jobben dei har gjort både i media og gjennom nominasjonar til for eksempel «beste coworking space» i Nordic Startup Awards. Dei har og mange hendvendingar om studieturar, erfaringsutvekslingar og bedriftsbesøk som kjem til Vågå for å lære om konseptet.

BETA ynskjer å marknadsføre Vågå som «Gründerbygda Vågå».

Kaja Vik held også fram i stillinga som rådgjevar ved etter- og vidareutdanninga i prosjektleiing ved NTNU i Trondheim, men går ned i redusert stilling for å bli dagleg leiar i Fjellflyt.

I tillegg er Kaja Vik også vertskap på Heggerusten Mountain Lodgde saman med sambuar Dennis Risvoll.

Kaja Vik er cand. philol frå NTNU og er utdanna innan fag som filmvitskap, kommunikasjon, medieproduksjon, kunsthistorie, entreprenørskap, pedagogikk og prosjektleiing.