«Lom er ikkje klar for kvinneleg ordførar»:

Hersketeknikkar i lokalpolitikken

Det siste året har politikken på nasjonalt nivå vore prega av uro, krangling, sleivete kommentarar og slibrige sms-meldingar. I lokalpolitikken kan det òg vera tøffe tak.

Må prate om det: – Det er over 100 år sidan kvinner fekk stemmerett, men framleis finst det haldningar som fortel oss at vi har ein veg å gå saman. Desse haldningane må koma fram i ljoset, vi må prate om det, seier Iselin Vistekleiven og Mai Bakken.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Fjuken har teke teke ei ringerunde til både nåverande og tidlegare kvinnelege politikarar i Ottadalen. Har dei sjølve vore utsette for hersketeknikkar og ekstra utfordringar knytt til at dei er kvinner? Vi er overraska over omfanget, og glade for at så mange vil stille opp og fortelja om eigne erfaringar. Dette er derfor fyrste del av ein serie om temaet.