Gullmedalje til Skjåkmat

Skjåkmat har grunn til å juble både høgt og lenge etter NM i kjøttprodukter.

Gullmedalje: Per Ivar Brenna og Skjåkmat gjorde stor suksess i NM i kjøttprodukter.   Foto: Privat

Nyheiter

Skjåkmat fekk gullmedalje for spekeskinka si. I tillegg fekk Tante Gunns festpølse bronsemedalje.

NM i kjøttprodukter blir arrangert av Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund. Konkurransen er tøff og det er svært mange deltakarar. Fagfolk vurderer kvart enkelt produkt svært nøye, dei ser på kva råvarer som er brukt, utsjånad, lukt, smak og konsistens.

Skjåkmat har for vane å gjera det svært godt i NM i kjøttprodukter.

– Vi gjer det vi kan for å perfeksjonere produkta våre og har alltid fokus på at det skal vera god kvalitet på det vi driv med, seier Sissel Brenna, glad og nøgd etter gull- og bronsemedalje i den prestisjefylte konkurransen.