Vil selja kafeen

Astrid Gjertsen vurderer å selja Skafferiet Kafé og Pub AS i Skjåk kjøpesenter.

– Vil du ta over? Astrid Gjertsen håpar einkvan vil ta over Skafferiet Kafé og Pub AS i Skjåk kjøpesenter.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Dette er noko eg har tenkt på i lengre tid, faktisk heilt sidan i haust. Det sit langt inne å gjeva slepp på staden, men eg føler det har butta litt imot, så nå er nok tida inne. Grunnen til at eg vil selja er at eg har tru på at nye krefter kan ta dette vidare og utvikle kafeen og puben, seier eigar Astrid Gjertsen.