Pallplass for Vågå, Lom og Skjåk i Kokkekampen

Dei tre ungdomsskulane i Ottadalen kom alle på pallen under Kokkekampen. Lesja ungdomsskule vann den gjeve pokalen. Ei kråkefelle fekk også pris.
Nyheiter

Spenninga var stor i Vågå kulturhus da vinnaren av Kokkekamp og Elevbedriftsmessa skulle kårast torsdag.

Alle ungdomsskulane i regionen var med i Kokkekampen, totalt åtte lag.

Lom og Vågå delte tredjeplassen med 120 poeng, medan Skjåk fekk andreplass med 127 poeng. Vinnar vart Lesja ungdomsskule med 129 poeng.

I tillegg til sjekk og pokal, vart også vinnarlaget invitert til Gastronomi Jotunheimen og matkurset i Lom fredag. Her vil Arne Brimi og fire av dei fremste kokkane i Norden lære elevane kokkekunsten.

Juryleiar Hans Marius Sletten Nuvstad sa elevane baud på gode smakar og kreativ matlaging.

Menyen var schnitzel av grasfora storfe frå Stensgård i Skjåk eller Kjøtt frå Jotunheimen i Lom, råkost av lokale gulrøter og mandelpotet, glasert med rødbeter. Desserten skulle innehalde Heidalsprim og egg frå Ramstad i Skjåk.

Heile 26 bedrifter stilte ut på bedriftsmessa, der det vart konkurrert i tre kategoriar; beste produkt/teneste, beste profil og beste elevbedrift. Det skulle kårast fyrste- og andreplass i desse tre kategoriane. Kvar jury bestod av fire personar som representerte kommunane og det private næringsliv.

Kategorien for Beste profil vart vunne av Nudelsaks frå Otta medan Greenbox også frå Otta vart nummer to.

Kategorien for Beste produkt/teneste vart vunne av Enkelt og Praktisk frå Heidal, med Nudelsaks frå Otta som nummer to.

I kategorien Beste elevbedrift måtte Kjell Ola Haugen i juryen be banken om pengar til ein tredjeplass. Sigeren gjekk til Greenbox frå Otta, medan Vågå kråkefeller fekk andreplass. Enkelt og praktisk frå Heidal vart nummer tre.

Bak elevbedrifta Vågå kråkefeller står Sveinung Myrum, Råmund Berg, Øyvind Gutubø og Odin Tho Ulsletten. Dei fire siktar seg inn mot gardbrukarar med si kråkefelle.

- Mange gardbrukarar er plaga med at kråker hakkar hol i rundballane, og dette er eit stort problem, sa Sveinung Myrum.

Ved hjelp av ein godbit festa til eit snøre, går kråka rett i fella når snøret blir stramma og fellmekanismen blir utløyst. Kråka som blir fanga levande i buret, må avlivast etterpå. Ein får 50 kroner for kvar kråke som blir felt.

Gutane i Vågå kråkefeller fekk til og med bestilling av kråkefella under elevbedriftsmessa.