Ny målgang i Flåklypa-løpet

Deltakartalet på veteranbilløpet «Flåklypa Grand Prix» blir omtrent som i fjor.

Flåklypa-løpet: I år som i fjor blir det om lag 450 startande i det populære veteranbilløpet «Flåklypa Grand Prix».   Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv

Nyheiter

– Dei siste åra har det vore rundt 450 påmeldte. I fjor var det 458 startande. Utan at eg har heilt oversikt ennå, ser det ut til at det blir rundt 450 påmeldte i år også, og det er vi tilfredse med, seier løpsleiar Ane Randen Skamsar.