Nordiske meisterkokkar samlast hjå Brimi´n i Lom

Lom er base når 60 personar skal delta på ei gastronomisk reise i Jotunheimen der dei skal lære om, og smake på det beste innanfor nordisk mat.

Bållunsj: Arne Brimi og Arne Hjeltnes skal by på bållunsj i Brimiskogen ved Tesse laurdag under Gastronomiske festdagar i Lom og Jotunheimen.  Foto: Tom Erik Solstad/arkiv

Nyheiter

I dag, torsdag 3. mai, går startskotet for gastronomiske festdagar i Lom.

- Jotunheimen byr på seg sjøl. Alle vi som forvaltar gastronomien i og rundt Jotunheimen ynskjer å by på oss sjølve, skriv Arne Brimi i invitasjonen til Gastronomi i Jotunheimen.

Meisterkokken på Vianvang har i rein begeistring over kvaliteten på det nordiske kjøkkenet bestemt seg for å innby til ei gastronomisk reise i Jotunheimen. Målet med arrangementet er å sette Lom og Jotunheimen på det gastronomiske kartet.

I år er det tredje året på rad at dei gastronomiske festdagane blir arrangert.

Saman med eit utval av Nordens beste kokkar har Brimi sett saman eit program som består av dei ypparste råvarer, særeigne vinar, storslått natur, kulturopplevingar og spennande smakar.

Gastronomiske Festdagar er eit arrangement for matglade nordmenn som ynsker å oppleve og nyte gastronomi med dei fremste i bransjen.

Yngve Eek Ottesen i Brimiland fortel at over 60 personar er påmeldt.  

I tillegg til Arne Brimi har fire av Nordens beste kokkar takka ja til å koma for å dele sin kunnskap og kjærleik for god mat og drikke.

Sunnmøringen Even Ramsvik har tidlegare gått i lære hjå Arne Brimi. Ramsvik var med i Bocouse d´Or i 2009.

Christopher Davidsen er ein var verdas beste kokkar. I 2017 vann han sølv i verdsmeisterskapet i kokkekunst Bocouse d´Or.

Jesper Kirketerp frå Danmark har mange års erfaring frå nokre av landets beste restaurantar.

Leif Sørensen er den mest kjende kokken på Færøyene og var ein av pionerane bak det nye nordiske kjøkkenprosjektet som starta i Århus i 2004.

Gastronomiske festdagar startar torsdag kveld med opning på BrimiBue.

Yngve Eek Ottesen fortel at det som skjer torsdag kveld, vil det som vil bli mest synleg for lomværane av arrangementet.

Da skal det gå eit Gastronomisk tog der deltakarane skal innom forskjellige postar på Smak i Lom, Bakeriet i Lom, BrimiBue, Norsk Fjellsenter, Presthaugen, ved brua over Bøvra bak Nordal, før det heile blir avslutta med svele og bålkaffe ute i urtehagen på Fossheim. Deltakarane skal også innom Lomskyrkja for ei gastronomisk messe i løpet av kvelden.

«Togførarar» skal vere Arne Brimi, Iselin Vistekleiven og Mai Bakken.

Fredag blir det matkurs i Utgard med dei fire meisterkokkane Even Ramsvik, Jesper Kirketerp, Christopher Davidsen og Leif Sørensen. Arne Brimi skal innleie, medan Arne Hjeltnes skal vere «sidekicker».

Laurdag står blant anna bållunsj med Arne Brimi, Arne Hjeltnes og Jesper Kirketerp i Brimiskogen ved Tesse. Om kvelden er det festmiddag på Fossheim der Arne Brimi og andre kokkar byr på smaken av Jotunheimen gjennom ein åtterettars meny.