To millionar til breibandfond

- Bygging av breiband frå Tessand og fram til Gjendeosen vil få fleire husstandar og hyttebebuarar til å knyte seg på.

Sveaholen: Rådmannen i Vågå ynskjer å vite kostnaden for utbygging av breiband i området Sveaholen - Skogbygda, for å innarbeide kommunen sin eigendel for ei slik utbygging i budsjettforslaget for 2019.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det er rådmann Knut-Helge Rønning i Vågå kommune som skriv dette.

Vågå kommunestyre sette i budsjettet for 2018 av to millionar kroner til breibandutbygging Lemonsjøen - Randsverk - Gjendeosen. Etter å ha gjennomført samtaler med aktuelle leverandørar, meiner rådmannen det beste alternativet er å byggje ut samanhengande breiband frå Tessand og fram til Gjendeosen.

Ei slik løysing vil gje mange fleire husstandar og hyttebebuarar moglegheit til å knyte seg til breiband.

Utbygginga vil ikkje vere mogleg å gjennomføre i 2018, og rådmannen rår formannskapet til å overføre dei to millionane som vart avsatt til breibanutbygging, til eit breibandfond.

Elles i Vågå er utbygginga av breiband kome godt i gang, sjølv om det er område med mange innbyggjarar som manglar tilknyting til breiband. Eitt av områda er Sveaholen - Skogbygda.

Rådmannen skriv at utbygging av breiband er ein såpass stor kostnad at utbyggjarar treng støtte frå det offentlege for å kunne gjennomføre ei slik utbygging på ein økonomisk forsvarleg måte.

- Vågå kommune har intensjon om å bidra økonomisk til ei slik utbygging, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

For å kunne bidra med med kommunal kapital til ei slik utbygging, ynskjer rådmannen å avklare eit kostnadsoverslag for utbygging av breiband i området Sveaholen - Skogbygda, og innarbeide kommunen sin eigendel for ei slik utbygging i budsjettforslaget for 2019.

Formannskapet skal behandle sakene tysdag 8. mai.