Innflyttarar til Skjåk er uroa over barnehagesituasjonen:

– Håpar på løysing

Bjarte Rossehaug frå Lom skal flytte frå Oslo til Skjåk i løpet av sommaren. Med seg på flyttelasset har han sambuar og ein sju månader gamal son – som ikkje har fått barnehageplass.

Til Skjåk: Bjarte Rossehaug og hans vesle familie har kjøpt seg hus i Skjåk. Nå håpar dei det vil løyse seg med barnehageplass.   Foto: Privat

Nyheiter

– Eg har sjølvsagt fått med meg ulike utspel og debatt i forkant av kommunestyremøtet førre veke, og eg har fått med meg kva som vart «enden på visa», seier Bjarte Rossehaug, som vedgår at han kjenner på litt uro i høve barnehagesituasjonen.