– Alle konkursar er utrivelege, seier styreleiar Ola Hovde da Fjuken spør om stemninga etter at det vart kjent at Ottadalen Installasjon AS måtte ta den tunge vegen til skifteretten torsdag.

Hovde fortel at firmaet ei tid har hatt utfordringar med likviditeten, og at dei har arbeidd med løysingar sidan januar i år.

– Vi hadde ei løysing, som gjekk på at dei tilsette måtte bidra med kapital. Dette måtte gjelde alle eller ingen. Ei gruppe valde å ikkje gå for dette, men i staden gå ut og danne eit eige selskap, fortel Hovde.

Utan støtte frå denne gruppa var det ikkje grunnlag for å drive vidare.

– Styret vart overraska over denne avgjerda. Vi såg ikkje den koma, seier Hovde.

Det vil altså bli etablert eit nytt selskap i Vågå.

Sikre kjelder fortel at dei som har vore tilsett i Skjåk vil gjera det same, og dermed prøve å sikre arbeidsplassar og vidare drift i bygda.

Lokala der Ottadalen Installajon i Lom heldt til, er allereie lyst ledige.