Nå kjem papirkonteinarane i Lom og Skjåk

Med det aller fyrste vil det bli plassert ut returpunkt for papir og papp på åtte plassar i Lom og Skjåk.

Papir og papp: Med det aller fyrste blir det plassert ut sjølvbetjente returpunkt i form av konteinarar i Lom og Skjåk. Frå venstre: Dagleg leiar Pål Sverre Andgard i NGR, Leif Morten Plassen i Lom kommune og Per Dagsgard i Skjåk kommune.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I årevis har innbyggjarane i Lom og Skjåk samla opp papir og papp i fleire veker og månader, og sett det uti vegen når det har vore papirinnsamling. Men nå kjem eit nytt tilbod i dei to kommunane. Nå kan hushaldningane levere papir, papp og drikkekartong i sjølvbetjente returpunkt.

Dagleg leiar Pål Sverre Andgard i NGR fortel at dagens henterute, altså papirinnsamlinga, vil gå som normalt ut dette året, men truleg blir dette siste året med denne ordninga.

I Skjåk blir det sett ut konteinar på fylgjande tre plassar med det aller fyrste:

• Bruktbutikken ved Ånstad

• Skjåk kjøpesenter

• Bruvoll (parkeringsplassen til barnehagen)

I Lom blir det fem returpunkt:

• Galdesand (ved butikken)

• Coop Extra (parkeringsplassen på vestsida av bygget)

• Rema 1000

• Garmo (ved butikken)

• Måsåmyrbakken i Lia

I Vågå har husstandane eigne papirdunkar som blir tømt. Denne ordninga held fram for vagværane.