Desse er med i «Mer enn gull»

I denne sesongen av «Mer enn gull» får vi møte seks utøvarar som representerer tidlegare verdsmeistrar, OL-utøvarar, ein fotballproff og ein nåverande idrettsutøvar.

«Mer enn gull»: Odd-Bjørn Hjelmeseth, Thea Næss, Trine Hattestad, Thorbjørn Løkken, Vidar Riseth og Frode Andresen er med i denne sesongen av «Mer enn gull».   Foto: Espen Solli/Tv2

Nyheiter

Dei seks utøvararne budde på Valbjør i Vågå ei veke i oktober 2017. Der delte dei historier frå liva og idrettskarrierane sine. Dei delte både opp- og nedturar, og TV2 lovar at det er ein gjeng med usedvanleg ærlege utøvarar sjåarane vil få møte.

Årets deltakarar er: Odd-Bjørn Hjelmeseth, Trine Hattestad, Thorbjørn Løkken, Thea Næss, Vidar Riseth og Frode Andresen.

Gjennom serien får vi sjå utøvarane utfordre dei andre i sin idrett, og dei skal som gruppe eller lag konkurrere mot unge idrettstalent i dei ulike idrettane.

Odd-Bjørn Hjelmeseth er fyrstemann ut.

– Det eg ser mest fram til er dei gode og flotte samtalane som vi kan ha rundt frukost- og middagsbordet. Det blir moro å lære dei andre å kjenne og få koma på innsida av dei gode historiene, seier Hjelmeseth i programmet.

Serien har premiere 3. april og har seks episodar.