#taggeinprest

Vågå kyrkjeleg fellesråd går nye vegar for å få prestar til å søkje kall i fjellbygda.

Litt nærmare himmelen: Bilde frå Besseggen skal lokke prestar til ledig kall som sokneprest i fjellbygda Vågå.   Foto: Facebooksida Vågåkyrkja. Memurubu turisthytte/Cathrine Dokken

Nyheiter

«Litt lengre frå byen – litt nærare himmelen», står det på eit bilde av Besseggen som skal lokke prestar til å søkje på stillinga som sokneprest fjellbygda Vågå.  

Det er Facebooksida til Vågå kyrkjeleg fellesråd som annonserer etter ny sokneprest på denne måten.

Sjå Vågåkyrkja her.

Erik Lillebråten som er leiar av fellesrådet delte bodskapet på Facebook fredag kveld.

I teksta står det blant anna:

«Midt i den høgst levande og aktive fjellbygda Vågå står ei kyrkje det har gått gjetord om sidan renessansen. Og ventar på sin nye sokneprest. Er det deg? Nokon du kjenner?

Hjelp oss gjerne å spre bodskapen ved å dele dette innlegget - eller enno betre: #taggeinprest. Du veit kor du får di løn».

Mange har følgd oppmodinga frå Lillebråten, delt og tagga prestar.

I tillegg til link til utlysinga som sokneprst i Vågå, ligg det også link til kva fjellbygda har å by på.

«Høyrer du fjellet kalle? Søker du ein høgare himmel? Drøymer du om å utvide den smale sti
med breie ski?», står det i vegvisaren til bygda.

Fristen for å søkje på stillinga som sokneprest i Vågå er 5. april.