Opplagsauke i Fjuken

Opplagstala er hyggeleg lesnad for Fjuken. Etter fleire år med nedgang, fekk Fjuken 48 nye abonnentar i 2017.

Endeleg: Redaktør Hans Erik Kjosbakken er godt nøgd med at nedgang er snudd til oppgang i Fjuken.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Totalopplaget er dermed på 3.619, mot 3.571 i 2016.

– Dette er svært gledeleg, seier ein glad redaktør Hans Erik Kjosbakken.

– Kva er forklaringa?

– Eg både håpar og trur det er fordi Fjuken leverer gode produkt både på papir og nett. Vi er tett på lesarane våre. Når det gjeld nettavisa, tykkjer eg det er ekstra spennande å sjå at vi har fått fleire nye lesarar som ikkje har tilknyting til Ottadalen i det heile tatt. Det fortel meg at Fjuken skriv artiklar som kan vera interessante og relevante for folk også utanfor nedslagsfeltet vårt, og det gjev oss sjølvsagt spennande moglegheiter, seier Kjosbakken.

Det var ikkje berre Fjuken blant avisene i Oppland som fekk oppgang. Det fekk òg avisa Valdres (ein auke på 257) og Hadeland (ein auke på 182).

Elles fekk alle avisene i Oppland opplagsnedgang i fjor: GD mista 733 abonnentar, Dølen mista 167, Norddalen 121, Vigga 61 og Oppland Arbeiderblad 60.

Generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) slår fast at lokalavisene står svært sterkt blant folk flest.

– Lokalavisene tek samfunnsansvar og er lim og lupe i lokalsamfunnet. Avisene våre byggjer lokal identitet og engasjement i nærmiljøet. Fleire lokalaviser satsar nå på ein kombinasjon av nett og papir, og det gler oss at lesarane set pris på å få innhaldet vårt på ulike plattformar, seier han.