Det seier Tora Slettom, Therese Dagsgard, Liv Hjeltar og Astrid Myrhaug. Dei utgjer innsamlingskomiteen til Lomsrussens krafttak mot kreft.

Onsdag 7. mars skal russekullet i Lom vera bøsseberarar og samle inn pengar til Kreftforeningen. Da vil alle husstandar i Lom få besøk på døra av ein bøsseberar frå avgangsklassa på den vidaregåande skulen.

– Målet er å samle inn mest mogleg pengar, og vi ber folk ha eit ope sinn når vi bankar på, seier Astrid Myrhaug i innsamlingskomiteen.

Pengane frå årets aksjon går til forsking, og til tilbod som kan gjera kvardagen enklare for dei som lever med seinskadar etter kreftsjukdom.

– Eit redda liv skal også levast, seier jentene i komiteen.

Dei understrekar at kvar einaste krone russen samlar inn på aksjonsdagen vil gå direkte til formålet. «Krafttak mot kreft» er eitt av russekrava til Lomsrussen, og i fylgje avgangselevane blir dette årets viktigaste russeknute.

Russen i Lom har oppretta Facebook-sida «Lomsrussen krafttak mot kreft» der ein også kan gjeva eit bidrag til Kreftforeningen.