Bilbrann i Vågå

Brannvesen og politi rykka tysdag morgon ut til ein bilbrann i Vågå.

Bilbrann: Brannvesen og politi rykka ut til brann i bil tysdag.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Det var ved 10-tida tysdag morgon at det vart meldt om brann i ein bil i Vågå. Både brannvesen og politi rykka ut til brannen og var raskt på plass.

I fylgje operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt skal det ikkje vera fare for menneske, eller spreiing til omgivnadane.

Klokka 11.09 kunne politiet melde om brannen var sløkt, og at det blir oppretta undersøkingssak for å avdekke årsaka til brannen.