Manuell dirigering i to veker

Grunnundersøkingar fører til manuell dirigering på fv51 ved Randen i Vågå.

Vegarbeid: Grunnundersøkingar fører til manuell dirigering på fv51 ved Randen i Vågå.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Utbetringa av krysset mellom riksveg 15 og fylkesveg 51 ved Randen, er med i handlingsprogrammet for riksvegar 2018 – 2023. Utbetring av Randen er prioritert med ei ramme på 26 millionar kroner og oppstart i 2021.


Nye planar for Randen

Statens vegvesen kjem med justert løysing for utbetring av krysset i Randen med ei rame på 26 millionar kroner  og oppstart i 2021. Prosjektet føreset fri tilgang på masser frå Nedre Otta-utbygginga.

 

Statens vegvesen melder gjennom sine trafikkmeldingar om at det måndag-fredag i perioden 5.-19. mars blir manuell dirigering på grunn av vegarbeid i tidsrommet 07.00-19.00 på fv51 ved Randen.

– Det blir i denne perioden utført grunnundersøkingar i samband med utbetringa av krysset mellom riksvegen og fylkesvegen, og det er dette som er grunnen til at trafikantane må berekne litt ekstra tid her dagane og vekene framover, seier seksjonssjef for plan og trafikk i Statens vegvesen, Hans Martin Asskildt.

Forseinkingar må påreknast, melder Statens vegvesen.