Vil premiere god nynorsk

Bedrifter i Lom og Skjåk, som brukar nynorsk i reklame og promotering, er med i konkurransen om ein pris.

Nynorsk: Har du lagt merke til ei bedrift i Lom eller Skjåk som brukar nynorsk på ein god måte? Da vil dialekt- og mållaget gjerne høyre frå deg.   Foto: Illustrasjonsbilde

Nyheiter

Lom og Skjåk dialekt- og mållag vil dele ut ein målpris til ei bedrift som utmerkar seg positivt, og som er eit førebilete i bruken av nynorsk i både informasjon, marknadsføring og anna skriftleg materiell.

Dersom du har lagt merke til ei bedrift i Lom eller Skjåk som brukar nynorsk på ein god og gjennomført måte, vil dialekt- og mållaget gjerne høyre frå deg.