Søkjer entreprenør til neste byggjetrinn

Bryggehus på Gjendeosen og sørvisbygg på Reinsvangen skal byggjast. Statens vegvesen inviterer til anbodskonkurranse.

Brygga: Utsnitt av det nye bygget på brygga ved Gjendeosen.  Foto: Illustrasjon/Arkitekt Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Nyheiter

Anlegga skal vera fullført 15. juni 2019.

Turistvegseksjonen i Statens vegvesen inviterer til open anbodskonkurranse og søkjer entreprenør med det rette faglege, tekniske og økonomiske grunnlaget til å fullføre dei to bygga. Bygga er teikna av Knut Hjeltnes arkitektar og får heilt særeigne uttrykk.

Gjendeosen bryggehus er eit teknisk bygg for drift av Gjendebåtane med drivstofftankar, lager og tilrettelegging for sekkefrakt. Bygget vil i tillegg romme turistinformasjon og sitjeplassar. Sørvisbygget på Reinsvangen parkering tilbyr tre publikumstoalett, sykkelparkering og rast under tak.

Målet med utbygginga er å gjera Gjendeosen til eit endå meir attraktivt besøksmål og gjera staden til ein verdig innfallsport til Besseggen og Jotunheimen.

Tre byggjetrinn: Opprustinga av Gjende er delt inn i tre byggjetrinn. I etappe ein får Gjendebåten ny brygge og lager, og parkeringa blir flytta til utvida parkering på Reinsevangen.   Foto: Illustrasjon/Arkitekt Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL