Redda stivtela rådyr

– Vi er så glade vi gjorde eit forsøk. Vi hadde ikkje hjarte til å la rådyret fryse i hel, seier Gro og Stig Moen i Bøverdalen.

Heilt ferdig: Rådyret var iskaldt og heilt utmatta da Gro og Stig Moen fann det i fôrlageret torsdag morgon.   Foto: Gro Moen

Nyheiter

Kvar kveld kjem det som regel ein liten flokk rådyr til Gro og Stig, som bur på Leirmoen camping. Dei har stall og hestar – og dei har rundballar.

– Rådyra et ikkje mykje, og eg har derfor ikkje sett så mørkt på at dei har forsynt seg litt. Men i går morgon, da eg titta inn i fôrlageret, låg det eit skjelvande, iskaldt rådyr oppå rundballane. Fôrlageret ligg ved sida av stallen, men har ein open vegg. Det var med andre ord like kaldt der som ute. Rådyret var så iskaldt at det ikkje greidde å reise seg eller rømme av stad da eg kom. Det var rett og slett heilt utmatta, fortel Gro.

– Kva gjorde du?

– Eg ringde viltnemnda og spurte om vi burde avlive rådyret eller om det gjekk an å gjera eit forsøk på å varme det opp, ta det inn i varmen. Eg fekk til svar at dersom eg ville prøve det siste, kunne det vera håp for rådyret. Dermed vart det slik, seier Gro og fortel at dei tok rådyret inn i stallen. Dei fann høy det kunne liggje på, ordna med ei varmelampe – og dei ordna brødbitar og banan.

– Dei fyrste timane låg han og rista. Han var heilt ferdig. Men nå, fredag ettermiddag, er han rett og slett sprek! Han et og kosar seg. Han er litt sky og litt redd oss, naturleg nok, men ikkje så mykje. Vi har planar om å sleppe han ut att i løpet av kvelden. Flokken hans, dei andre rådyra, kjem nok att i kveld òg, så da kan han få springe saman med dei att. Det er han meir enn sprek nok til nå, seier Gro, som saman med resten av familien har kosa seg med det uvante «redningsoppdraget».

– Det er ilt å tenkje på alle dyra som både frys og som slit med å finne mat. Det skulle berre mangle om vi ikkje skulle gjera ein innsats for desse flotte dyra, seier ho.

Sprek att: Fredag ettermiddag er rådyret i orden att, har ete godt, er god og varm – og skal snart sleppast ut att til resten av flokken.   Foto: Gro Moen