Legane treng di hjelp

Eit nytt journalsystem skal innførast ved alle legekontora i Nord-Gudbrandsdalen. I den samanheng ber legane om hjelp frå pasientane.

Medisinar: Brukar du medisinar? Da tek du med deg medisinkort, dosett og gjerne medisineskene òg, neste gong du er hjå legen.   Foto: Illustrasjonsbilde

Nyheiter

Å byte frå gamalt til nytt system resulterer nemleg i eit par utfordringar.

– Vi vil gjerne be pasientane våre om hjelp med omsyn til medisinering, ettersom dette ikkje blir fullstendig overført. Derfor ynskjer vi at alle som kjem til time, tek med seg medisinen dei brukar – medisinkort, dosett, medisineskene – slik at vi saman kan gå gjennom og kvalitetssikre at det som står i journalen til den enkelte er korrekt, forklarar legane ved legekontoret i Lom.

Dei gjer merksam på at omlegginga er tidkrevjande og at det dessverre kan medføre noko lengre ventetid og flytting av timar.