Pengedryss til kulturarrangement

Regionrådet Nord-Gudbrandsdal har gjeve 600.000 kroner i støtte til kultur- og naturbasert næringsutvikling.

Traktorrock: Traktorrock i Vågå er eitt av fleire arrangement i Ottadalen som får pengestøtte frå Regionrådet Nord-Gudbrandsdal.   Foto: Arkiv/Arve Danielsen

Nyheiter

Frode Damstuen, dagleg leiar i regionrådet, opplyser at dei fekk inn 43 søknader.

– Det var gledeleg å sjå den store søknadsbunken. Det vitnar om stor aktivitet. Vi har ein region med mange flinke folk som bidreg til eit breitt spekter av opplevingstilbod. Det er gjeve støtte til 18 av søkjarane, seier han.

Følgjande arrangement i Lom, Skjåk og Vågå har fått pengar:

* Landsfestivalen 2018 (Skjåk) - 50.000 kroner

* Diktardagar 2018 (Lom/Skjåk/Vågå) - 30.000 kroner

* Drift- og vidareutvikling av hundekøyring i Sjodalen (Vågå) - 20.000 kroner

* Traktorrock 2018 (Vågå) - 20.000 kroner

* Vidareutvikling av jakt- og fisketilbod i Skjåk (Skjåk) - 25.000 kroner

* Gastronomiske festdagar (Lom) - 50.000 kroner

* Lom skifestival 2018 (Lom) - 20.000 kroner

* Oppbygging og gjennomføring av «Håndverk» 2018 (Vågå) - 50.000 kroner

* Førestillinga Fake Christmas 2018 (Lom) - 15.000 kroner