Historisk dag for Melby Transport:

Den siste søppelsekken er henta ...

Torsdag henta Melby Transport restavfall frå private husstandar for aller siste gong. Firmaet held fram med å hente bedriftsavfall.

Historisk: Torsdag henta Melby Transport restavfall frå private husstandar for aller siste gong. Nå tek NGR sjølve over hentinga av hushaldningsavfall.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Sidan slutten av 1970-talet har Melby Transport i Skjåk utført henting og køyring av søppel, og sidan 2004 har firmaet hatt avtale med Øverland AS om å køyre søppel for dei i Skjåk og Lom.

Frå og med neste veke er det Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR) sjølve som skal stå for innhenting av restavfall frå private husstandar i Nord-Gudbrandsdalen.

– Etter så mange år med henting av hushaldningsavfall i dei to kommunane er dette sjølvsagt ein rar og litt vemodig dag, seier dagleg leiar Geir Ove Melby i Melby Transport torsdag, etter at firmaet er ferdig med si aller siste henting.

Sjølv om Melby Transport nå har henta den aller siste søppelsekken med restavfall frå private husstandar, skal transportfirmaet halde fram med å hente og køyre bedriftsavfall.


Ny avtale sikrar oppdrag for Melby

– Dette er ein jubeldag for oss!