Blåheld på Mjøsbrua

At krefter arbeider for å få det nye hovudsjukehuset plassert på Hamar, fell ikkje i god smak hjå regionrådsleiar Iselin Jonassen.

Åtvarar: – Utvikling av sjukehustenestene i Innlandet må ikkje bli ein kamp mellom Lillehammer, Gjøvik og Hamar, åtvarar regionrådsleiar Iselin Jonassen.   Foto: Arkiv/Arve Danielsen

Nyheiter

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen er positive til og einige om at det skal byggjast eit nytt hovudsjukehus - der ein flytter ut spesialistfunksjonar til lokalmedisinske senter og kommunane - men føresetnaden er at hovudsjukehuset skal liggje ved Mjøsbrua.

– Utvikling av sjukehustenestene i Innlandet må ikkje bli ein kamp mellom Lillehammer, Gjøvik og Hamar. Dersom eit nytt fellessjukehus blir plassert lenger frå oss enn til Mjøsbrua, vil vår støtte til prosjektet falle bort. Det kan ikkje vera slik at dei som har stutt veg til sjukehus skal få det nærare, medan dei som har lang veg skal tåle at det blir flytta lenger bort, seier Jonassen.

Ho minner om at både Nord-Gudbrandsdalen, Nord-Østerdalen og Valdres har fronta eit hovudsjukehus ved Mjøsbrua.

– Folk i Hamar har stutt veg til sjukehus på alle kantar. Folk frå Nord-Gudbrandsdalen har akkurat det same behovet for sjukehus som folk i Hamar. Det imponerer ikkje at lokale ordførarar, lokale synsarar og «forståsegpåarar» nå har sett inn eit støyt for Hamar, seier regionrådsleiar Iselin Jonassen.