Erstattar plastkassar med sjølvlaga tomgodshus

Tre ivrige medlemar i Vågå Røde Kors Hjelpekorps er i full gang med produksjon av flotte tomgodshus som skal plasserast rundt om i bygda.

Protoypen: Morten Juland, Kåre Ulsanden og Hans Spakrud i hjelpekorpset er ferdige med prototypen, og er i full gang med produksjonen av fleire tomgodshus som skal plasserast rundt om i Vågå. Årleg får Vågå Røde Kors Hjelpekorps inn 70.000 kroner gjennom tomgods.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Vi produserer tre og tre om gongen. Denne er heilt ferdig, seier Hans Spakrud og viser oss prototypen av tomgodshuset.

Årleg får Vågå Røde Kors Hjelpekorps inn 70.000 kroner i form av tomgods gjennom dei 13 plastkassane dei har ståande rundt om i kommunen.

Spakrud fortel at tomgodshusa blir mykje enklare å tøme for hjelpekorpset enn det dagens plastkassar er.

– Også byrjar ein del av plastkassane å bli utruleg stygge og utslitte, fortel Spakrud.

Sjølv om dette ikkje har vore noko problem for hjelpekorpset i Vågå, blir det også vanskelegare for folk å få handa ned i sekkane for å stele tomgods i dei nye husa.

Etter hand som dei blir ferdige, vil dei sjølvproduserte tomgodshusa bli plassert ut der dei 13 plastkassane står i dag.

– Det er fleire plassar vi skulle hatt også, så vi får sjå om vi greier å produsere fleire enn 13, seier Hans Spakrud.

Produksjonen er gratisarbeid i form av dugnadsjobbing. Det er Hans Spakrud, Kåre Ulsanden og Morten Juland, alle medlemar i hjelpekorpset, som står for arbeidet.

Produksjon: Det blir produsert tre og tre tomgodshus om gongen.  Foto: Tom Erik Solstad