Ungdomar med kunstutstilling

78 ungdomsskuleelevar skal neste fredag syne fram teikningar og illustrasjonar inspirert av tekstene til Lars Bakke.

Fri oss: «Fri oss», teikna av Vårin Dagsgard Marstein frå Lom.  

Nyheiter

Årets Ungdomsmusikal i Nord-Gudbrandsdalen er basert på Lars Bakke og Lomsk sin CD «Amerikabrevet», som handlar om utvandringa til Amerika.

Kunstutstillinga er ein del av ungdomsmusikalen, men her tolkar elevane tekstene til Lars Bakke på sin måte - ved hjelp av teikningar og illustrasjonar.

Stian Høglien, leiar for Ungdomsmusikalen, fortel til Fjuken at utstillinga skal gå føre seg i Otta kulturhus fredag ettermiddag 9. mars.

– Det er elevar frå Lom, Otta og Dovre som bidreg i utstillinga. Ungdomane har tolka tekstene til Lars på svært ulike måtar, det er rett og slett spennande å sjå. Kvaliteten på teikningane og illustrasjonane er dessutan svært imponerande. Folk må berre koma og sjå, oppmodar Høglien.

Utstillinga er ei salsutstilling, så her kan det vera mogleg å gjera eit «scoop» frå ein komande kunstnar.

Det er Regionrådet Nord-Gudbrandsdal som er arrangør og ansvarleg for gjennomføringa av både musikalen og kunstutstillinga.

Farvel: «Eit tussmyrkt farvel», illustrert av Jo Holø Husom frå Lom.