Meining:

Valteknisk samarbeidsavtale Vågå Arbeiderparti – Bygdalista i Vågå

– Sjølv om Vågå Ap no bryt avtala forventar vi ansvarlegheit for å få fullført desse, skriv Ivar Valdvik (bildet).
Nyheiter

av Ivar Valdvik, leiar i Bygdalista i Vågå

Bygdalista beklager at Vågå Ap har valgt å si opp den valtekniske samarbeidsavtala. Samarbeidsavtala omhandlar, i tillegg til saker vi skal arbeide for, også samarbeidsformen. I henhold til avtala skal budsjett og økonimiplaner utarbeidast i fellesskap, og vi skal ha felles gruppemøter før kommunestyremøtar. Under budsjettprosessen før jul viste det seg at Vågå AP ikkje lenger ville forhalde seg til avtala, da dei i større grad ynskte å synleggjere eigen politikk. Vi vil understreke at ingen av punkta i samarbeidsavtala er brote av Bygdalista. Pressemeldinga frå Vågå AP viser at dei føler seg pressa ved at dei ikkje får god nok tid til å forankra saker i partiapparatet. Vi meiner at i den utstrektning dette er eit problem, er det felles for alle parti.

Bygdalista meiner at vi har hatt eit tilfredsstillande samarbeid og fått til gode vedtak på mange områder. Økonomisk sett har vi faktisk hatt gode overskot dei siste to åra trass eit trangt handlingsrom.

Samarbeidsavtala mellom Bygdalista og Vågå AP har gjeve Arbeiderpartiet ordføraren og plassert Arbeiderpartiet som det leiande posisjonspartiet i Vågå. I ljos av dette meiner vi det er uheldig at avtala blir sagt opp, og etter vår meining, utan grunnlag.

Året 2018 blir eit år med store kutt noko som krev stabil politisk styring. Vi har nå gjort unna litt over halve perioda og vi er midt inne i nokre viktige saker som f.eks. svømmehall og Helse- og omsorgsprosjektet. Sjølv om Vågå Ap no bryt avtala forventar vi ansvarlegheit for å få fullført desse.