Det seier Marit Steinfinsbø som bur på gardsbruket Snikkerstugu i Synslia i Vågå. I det andre nummeret av magasinet Vakre hjem & interiør er det ei reportasje over ti sider om Marit og hennar interesse for interiør.

– Eg har fått mange kommentarar. Både av kjenstfolk og andre som har sett reportasjen. Triveleg at ein får reposons på det ein gjer, seier ho.

Marit er utdanna frisør. I dag arbeider ho på Lugumstugu på Vågå handelshus, der ho får drive med blomar og interiør.

På Instagram flyt det av kontoar med bilde av interiør frå hus og hytte. Marit er ikkje der. På hennar instagramkonto finn ein mest naturbilde. Ute i naturen finn ho inspirasjon til å innreie hus og heim.

Ho og sambuar Jon Aasvang Dalen «bytta hus» med foreldra hans i 2013.

Her har Marit sett sitt preg på huset. Med furupanel på veggar og tak, har ho brukt litervis av måling for å få det slik ho vil.

– Ein kjem langt med litt måling, seier Marit.

Ho likar å kombinere nytt og gamalt, og fortel at ho ofte blir inspirert av naturen og ting som har ei historie. I huset finn ein mange ting som har høyrt til garden, men som har stått på låven til Marit kom der.

I stua står eit flott gamalt skap som Marit gjekk forbi mange gonger på låven før ho fekk auga på det. Heller ikkje svigerfar Ivar hugsar at skapet har vore i bruk.

– Skapet hadde mange lag med fargar, både grått og gult, seier Marit.

Ho måla skapet i ei blåfarge ho tykkjer er flott.

Ved sidan av det blå skapet i stua står delar av ein gamal, grå og vêrbitt trevegg.

Marit fortel at da dei for nokre år sidan reiv den gamle skålen på garden, ville ho ta vare på noko av det gamle treverket. Den gamle skåleveggen har vorte ein liten rustikk trevegg som bryt opp i stua.

Marit har også henta fram eit gamalt trau og ein slaktarbenk som har fått sine plassar i huset. Stovebordet er ei gamal dør frå ystehuset på setra ved Tesse. Til og med gamle hesjestaurar har kome til heider og ære som gardinstenger.

– Slike ting som har ei historie, gjev eit personleg preg, seier ho.

Marit og Jon går ikkje av vegen for å lage ting sjølve. Både TV-benken og spisestovebordet er eit resultat av kreativitet.

Sjølv om Marit har stor interesse for interiør, kastar ho seg ikkje på alle nye trendar som kjem.

– Ein blir ikkje meir lukkeleg om ein stadig skiftar stil, seier Marit og fortel at når ho finn noko ho trivst med, så held ho på den stilen.

Ikkje er ho av dei som stadig må ommøblere heller. Men ho passar seg for ikkje å fylle opp med stadig nye eller gamle ting.

– Når eg finn ut kvar ting skal stå, blir det slik. Eg likar ikkje å drive å flytte på ting, seier ho.

Marit er oppteken av at det skal vere ein heim dei skal trivast i. Ein heim dei har skapa sjølve.

På spørsmål om ho kva råd ho har til andre, svarar ho at ein må finne sin eigen stil. Prøve å finne ein raud tråd. Ta utgangspunkt i det ein likar.

– Kva er din raude tråd?

– Det kan godt vere fargar, men eg likar at det er ljost. Om eg skal bytte til nokor anna farge må det blir gult. Gult gjer noko med ein. Gult er solskin.