Filminnspeling i Sjodalen

Studentar på Den Norske Filmskulen skal spele inn film i Sjodalen den 27.-28. februar.

Filminnspeling: Avgangselevar på Den Norske Filmskulen skal spela inn film ved Brurskardsknappen.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

«Guldfisketeorien» er tittelen på filmprosjektet til avgangselevane på filmskulen. Scena som skal spelast inn i Sjodalen handlar om to gale vitenskapsmenn som har funne opp ein teleport og som har teleportert seg til eit fjell ved ein feil.

Her finn dei ein snøskuter, som dei skal bruke for å koma seg bort på.

Området det skal filmast frå er ved Brurskardsknappen eller Heimdalshø.

Formannskapet har gjeve Bessheim fjellstue løyve til bruk av ein snøskuter i samband med innspelinga av filmen.

Køyretrasè for folk og utstyr er avgrensa til skiløypa som går rundt Brurskardsknappen.