– Det er litt krise

LHL Lom har 54 medlemar i laget, men ikkje noko fungerande styre og heller ikkje styreleiar.

Treng hjelp: – Ein treng ikkje vera hjarte- eller lungesjuk for å vera medlem eller for å ta på seg eit verv i LHL Lom, seier Øystein Tofte.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

– Det er litt krise, så nå må det gjerast ein innsats. Dersom det ikkje lykkast å få på plass eit nytt styre, kjem pengane LHL Lom har samla inn over mange år til å hamne hjå LHL sentralt. Det handlar om mellom 40.000 og 50.000 kroner, opplyser Øystein Tofte i LHL Skjåk.

Tofte er engasjert i både LHL Skjåk og LHL Oppland. Det er via sistnemnde han har fått i oppgåve å gjera det han kan for å hjelpe LHL-laget i Lom.

– Det er tre alternativ. Det eine er at vi får på plass eit nytt styre i Lom. Det andre er at LHL Lom slår seg saman med eit anna lag, men i LHL Skjåk er det ikkje stemning for det førebels. LHL Skjåk vil gjerne samarbeide og ynskjer alle lomværane velkomne til alle aktivitetar i Skjåk, men å slå saman dei to laga er det ikkje ynskje om med det fyrste. Det tredje alternativet er å avslutte laget, opplyser Øystein Tofte.

Tysdag 27. februar skal LHL Lom ha årsmøte. Øystein Tofte oppmodar folk til å møte opp og aller helst ta på seg eit verv i laget, slik at LHL Lom får leva vidare.