Nordfjordekspressen - 30 år på vegen

Måndag var det 30 år sidan den fyrste Nordfjordekspressen køyrde Måløy-Oslo.

24 av 30: Jon Ivar Lote har køyrt ekspressen i 24 år. Måndag spanderte han sjokolade på passasjerane.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

I 11 år før dette hadde «Måløyruta» gått mellom Måløy og Otta i korrespondanse med toget til Oslo, før bussen 19. februar 1988 køyrde heile vegen.

Millionar av kilometer og 2,4 millionar passasjerar har vore innom dørene på ekspressbussen sidan oppstarten.

Strekninga mellom Måløy og Oslo er nær 60 mil lang.

Nordfjordekspressen vart etablert i eit samarbeid mellom Nordfjord og Sunnmøre Billag og Ottadalen Kommunale Billag.

Det starta med ein dagbuss. Seinare vart det oppstart av nattbuss i 1993 og eftassrute i 1997. Hovudflyplassen på Gardermoen opna i 1998 og det førte til ein god auke i talet på reisande.

Etter kvart har avgangane vorte færre, og ruta - som tidlegare òg hadde plassgaranti - er kanskje ikkje like «snill» for ottadølane lenger.

Nå bør ein tinge billett digitalt for å vera sikker på å få vera med.

Det var Nor-Way Bussekspress som dreiv ruta fram til 2013, da vart ho ein del av Nettbuss express.