– Dette lyt få terningkast seks, sa ein publikummar etter konserten i Vågå kulturhus fredag kveld.

Kristian Gården, som gjekk bort 94 år gamal i fjor, hadde vore stolt og kry over kva dei musikalske arvtakarane i bygda hadde å by på. Det eine velspelte nummeret etter det andre vart framført, lett og le'ugt bunde saman av programleiarane Trond Ole Haug og Ola Grøsland.

Kristians son, Dag, takka for konserten og sa at far hans hadde vore stolt over kvelden.

– Og etterpå hadde han vore med på festen på hotellet og vore den siste som ville reist att, sa han.

Folkemusikktreffen i Vågå held fram laurdag med ulike kurs, mønstringskonsert og fest på Vågå hotell.