Skjåkvær skal skjenke norsk akevitt i Berlin

Lars Ole Ørjasæter, utflytta bråting, er ansvarleg for akevittbaren på den norske standen under Grüne Woche i Berlin.

Akevittbar: Lars Ole Ørjasæter som er dagleg leiar i Norske Akevitters Venner, er ansvarleg for drikkevarene og akevittbaren på den norske standen under Grüne Woche. Det er sjuande gongen han deltek på matmessa i Berlin. Bunad var varmt, og vart med eine gongen.   Foto: Privat foto

Nyheiter

For sjuande året på rad, er Lars Ole Ørjasæter ansvarleg for alle drikkevarene og drift av akevittbaren på den norske standen på Internationale Grüne Woche i Berlin som startar fredag til veka.

Ørjasæter seier at interessa for lokal mat og drikke er stigande – også i Tyskland, og det er fleire og fleire som reiser til Noreg på ferie som er like opptekne av kva dei får servert på tallerken og i glas som å sjå fjordar og fjell.