Sidan vi publiserer foto av katta, kan vi med ein gong slå fast at ho er attende på garden.

Matmor Liv Eva hadde meir eller mindre avskrivi den eine halvdelen av systerduoen.

– Ho vart borte midt i andreslåtten, fortel ho.

Ein frykta at katta kunne ha vore for nær slåmaskineriet. Anten vorte så skremt, forvirra og traumatisert at ho aldri meir torde nærme seg matfatet på Hosar att, eller rett og slett kome akkurat så nær slåmaskina at ho sette sitt næringsrike preg på ein del av grashausten - innrullert i ein rundball og servert på forbrettet til mjølkeproduserande kyr i Einingje samdrift.

Sidan vi altså har teke ferske fotografi av Nokki, kan vi iallfall slå fast at katta ikkje endte som fôrtilskot.

Nokki og syster kom til gards om lag tre månader gamle, direkteimportert frå opphavet i Ålesund. Og det var nettopp frå Ålesund matmor Liv Eva fekk telefon her innunder jul.

– Eg var på arbeid, og da eg ser at oppringinga kjem frå Ålesund Dyreklinikk, tek eg han. «Har du ein katt som heiter Nokki?» vart det spurt, fortel Liv Eva.

Sidan katteevolusjonen ennå ikkje har kome så langt at dei kan uttale seg på eit forståeleg munnleg, skyt vi inn at katten er chippa og dermed sjølv slepp og forklare namn, heimstad og anna personalia.

Det synte seg at Nokki hadde teke inn på ein liten gard i Skodje, eit par mil aust for Ålesund. Dei toføtte bebuarane på garden spreidde meldinga om den ubedne gjesten på Facebook, utan å få svar. Såleis vart dyreklinikken etter kvart involvert, identiteten avslørt og den glade telefonsamtale til Liv Eva teken.

Skodjebuarane klarte så å internere pusen i påvente av transit til Skjåk.

Det vart eine sonen på Hosar, Simen, til dagleg busett i Oslo - heime i Skjåk på juleferie, som fekk oppdraget med å hente Nokki i Ålesund.

Korkje Simen eller katten skildrar ei stormande attsynsglede da dei møttest, men katta kjende att både pledd og bur og vart friviljug med på bilturen dei vel tjuge mila heimatt til Skjåk.

Heime venta resten av familien, deriblant syster Missi - som slett ikkje vart glad for å sjå att Nokki. Ho hadde i fire månader trudd at matfatet var hennar og berre hennar. Kattesystrene er ikkje på talefot, og Missi var ikkje å sjå da Fjuken var på besøk.

Det dukkar opp eit svært sentralt spørsmål i denne historia: Korleis i alle dagar har denne katten, opphaveleg frå Ålesund, hamna på opphavelege traktar? Var andreslåtten på Hosar så voldsom at Nokki tok kuten over fjellet til Lesja, beinflaug under Mannen i Romsdal, sprang nybrua over Tresfjorden og labba utsliten over Ørskogfjellet før ho endeleg kunne kvile labbane i Skodje? Eller testa ho vegstubben med det lange uoffisielle namnet Riksveg 15 Skjåk-Stryn, tok Kvivsvegen, kosa seg med svele på ferja mellom Festøya og Solavågen, tok feil i rundkøyringa ved Moa og hamna i Skodje i staden for der ho, langt inne i instinkta, visste ho kom frå; Ålesund?

Nokki er på ingen måte i stand til å svare på slike spørsmål når vi er på besøk. Ho har nemleg tre ting i hovudet: Mat, mat og mat.

Ein har høyrt om dyr som verkeleg har gått lange avstandar, etter flytting eller ferieturar. Det er nok ikkje tilfelle her. Dessverre.

– Kattar har visstnok ikkje utvikla denne sansen når dei er så unge som dei var da vi henta dei, fortel Liv Eva. Ho har nok ikkje gått til Skodje.

– Vi har vel ein teori om at ho har «haika», seier matfar Kristian. Ho har aller helst kome seg med i ein kontainerbil på grannegarden og såleis hamna vestpå, trur han.

Uansett, Nokki har vore på langtur, men kom heim til jul. Til glede for alle på nørdre Hosar, unnteke Missi.

Simen henta Nokki i Skodje, og fekk ho heim til Hosar. Foto: Hans Erik Kjosbakken
Google maps gjev oss dei alternative rutene, etter hovudråka, katta på Hosar kan ha brukt til Skodje. Foto: Skjermdump