Organisasjonen Hjelp oss å hjelpe samlar inn mat og utstyr til dei som ikkje har råd til å kjøpe alt sjølv.

På Kiwi i Lom er det nå plassert ei handlekorg ved disken, som folk kan fylle med varer dei vil gjeva bort.

Monica Holm er kontaktperson i Lom for organisasjonen.

– Eg har teke på meg å frakte varene til Otta, der dei blir delt ut vidare til dei som treng litt ekstra til jul, seier ho.

I Ottadalen er det, så vidt Holm veit, berre Kiwi i Lom som har ei slik korg.

– Det er klart vi må hjelpe dei som treng det, særleg nå til jul, seier butikksjef Arnt Rune Vole.