– Dagens grense er ei gamal grense og har liten relevans for dagens samfunn. Administrasjonen av riksveg 258 blir i eitt fylke, ein kommune og ein avdeling i vegvesenet, jakt og fiske kjem inn under ein kommune og får klare reglar og moglegheiter - og Videseter får ein kommune å forhalde seg til. Dette argumenterer direktør og hotelleigar Per Garen med i ein søknad som er sendt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Per Garen ynskjer å flytte grensa vestover til Nuken og vidare til Ospelifjellet.

– Dette området ligg i eit fjellparti som har liten eller ingen verdi for Stryn kommune. Det er ingen beiterettar, dyrkbar mark eller naturressursar i området. Stryn kommune driv absolutt ingen kommunale tenester på Videseter. Det er privat vassforsyning, reinseanlegg og søppelordning. Det går år mellom kvar gong vi får noko som helst kontakt med kommunen. Stryn kommune har inga god handtering av verken vilt eller utmark, det er ingen kontroll med småviltjakt, fiske eller fangst. Det er ingen kontroll av noko som helst, ingen oppsyn og inga telling. Skjåk kommune derimot, har alt dette i ordna forhold, der ein kan kjøpe både jakt- og fiskekort, heiter det i argumentrekkja frå Per Garen, som i søknaden skriv mange rosande ord om Skjåk.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sendt saka til Skjåk kommune, Stryn kommune og Oppland fylkeskommune.

– Vi gjer merksam på at det saka gjeld på noverande tidspunkt, er om det er ynskje om å starte ei utgreiing av saka. De treng dermed ikkje ta endeleg stilling til sjølve grenseforslaget, heiter det i brevet.

Fylkesmannen ynskjer svar innan 20. oktober.

Ordførar Elias Sperstad i Skjåk seier til Fjuken at han tykkjer grunnlaget og argumenta for ei mogleg grensejustering framstår som «ganske magre», men at han skal ta saka opp til diskusjon med ordførarkollega Sven Flo i Stryn kommune så fort det let seg gjera.

– Vi skal ta oss ein prat om saka, og så får vi ta det frå der. Uansett vil eg påpeike at vi frå Skjåk kommune set pris på innhaldet i søknaden. Der stod det mykje positivt om Skjåk, konstaterer han.

Ordførar Elias Sperstad i Skjåk seier han vil ta ein prat med ordførarkollega Sven Flo i Stryn så fort det let seg gjera. Foto: Fjuken/arkiv