Tor Gaute på kongelaget

Tor Gaute Jøingsli skaut 249 og er klar for skive to på kongelaget.

Heilt konge? Tor Gaute Jøingsli har endeleg sjansen til å bli skyttarkonge.  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Fyrst i aller siste lag makta nokon å tangere 249 poeng i skytinga på Landsskyttarstemnet onsdag. Det var Tor Gaute Jøingsli frå Lom og Skjåk skyttarlag, står det i Norsk Skyttertidende.

– I fjor var det stang ut, nå fekk eg stang inn. Og med skive 2 i finalen blir det null press, seier den sindige skjåkværen, i fylgje Norsk Skyttertidende. Omgangane mine har svinga, men får eg «klysa» på midten går det stort sett bra, humrar han.

Skytinga om Kongepokalen i Førde og den store tittelen blir sendt direkte på NRK torsdag kveld.