Rikt olsokprogram i Lom

Lom har lange tradisjonar med å feire Olsok, og det blir bode på eit rikt program laurdag.

Olsok Laurdag er det olsokfest i Presthaugen.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

I Presthaugen er det opne hus heile dagen, der det mellom anna blir høve til å sjå ei bildevevutstilling.

På Nordgard Aukrust skal Nils Faarlund halde foredrag om «kunsten å vandre», - og andrast skal det, til Olavssteinen på Uppigard Synstnes og det blir omvising i stavkyrkja før olsokmesse.

Attende i Presthaugen om kvelden blir det stemne. Talar for dagen er direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen, og det blir opplesing, song og musikk ved Trond Klaape, Andrew Boyle og Steinar Angard.