Taus lokalradio i Skjåk

Ottadalsradioen slit med signal i Lom og Skjåk.

Dårleg signal Ottadalsradioen slit med signal i Lom og Skjåk.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Norkring har slutta med FM-utleige etter at DAB kom. Dette skapar problem for Ottadalsradioen, da FM-sendarane i Uppnosi og Storhø vart slege av.

– Vi må evntuelt inn med egne sendarar på desse plassane og dette er eit dyrt prosjekt som radioen har problem med å klare, fortel Emil Rustad i radioen.

Han fortel at dei arbeider mot Norkring og Telenor for å få til ei løysing. I store deler av Lom kan ein ta inn radioen direkte frå Jetta på frekvens 102,9.

I Skjåk er det verre, der berre austlege delar av bygda kan ta inn desse signala, og da på ei god antenne.

Rustad fortel dei jobbar med saka, og håper dei kan få på plass ein sender på Uppnosi snarast.