Dødsulykke i Skjåk

Sjåføren omkom da ein semitrailer køyrde av vegen ved Billingen natt til torsdag.

Omkom Semitraileren har køyrt av vegen på venstre side, vest for Billingen på riksveg 15. Sjåføren omkom, ei ung jente er skadd.   Foto: Terje Randen

Nyheiter

Ulykka på riksveg 15, skjedde ein kilometer vest for Billingen ved 03-tida natt til torsdag.

Semitraileren var på veg vestover og køyrde av vegen på venstre side. Det var ingen vitner til hendinga.

Sjåføren omkom i ulykka.

Ei ung jente som var passasjer, vart floge med Luftambulansen til Førde. Politiet i Innlandet politidistrikt meldte fyrst at jenta var kritisk skadd, men ny melding viser at ho ikkje har alvorlege skadar.