18. april vart  Gjendebåten sjøsett frå kaia til Maritime Partner i Breivika utanfor Ålesund.

Dei siste vekene har det vorte mange testturar på fjorden for skipper Harald Rune Øvstedal og hans mannskap.

Gjendebåtane AS investerer 20 millionar kroner i den nye båten som 10. juni blir sett i trafikk på Gjende. Den nye Gjendebåten har plass til 98 passasjerar.

Tysdag denne veka starta demonteringa av båten som består av tre delar; skrog, passasjersalong og styrhus. Styrhuset som er den minste seksjonen, blir lasta på trailer frå kaia i Breivika og køyrt til Gjende.

Skroget og passasjersalongen blir lessa på lastebåt og skal fraktast til Lærdal.

15. mai skal ein etter planen starte transporten frå Lærdal og opp til Gjende.

Namnet på den nye Gjendebåten blir «Kåre Johan», oppkalla etter Kåre Johan Øvstedal (1944-2016) som var tredje generasjon skipper på Gjendebåten.

13. juni blir det dåp av nye båten på Gjende, på fødselsdagen til Kåre Johan og i hans namn.

– Namnet betyr mykje for meg. Han fortener å segle fleire turar på Gjende, seier Harald Rune Øvstedal.

Sjå reportasje om nye Gjendebåten i avisa.