Søk etter person

Sundag kveld er det søk i og langs Ottaelva etter ein person.
Nyheiter

Etter at det vart funnen ein gjenstand ved elva like ved Skamsarbrua vest for Bismo i Skjåk, vart det sundag kveld sett i gang søk etter ein person. Politiet har grunn til å tru at personen kan ha hamna i elva.

Både politi, brannvesen, hjelpekorps og helikopter er med i søket.

Seint sundag kveld vart ein person funnen omkomen.