Fredag føremiddag er det gjort observasjonar av det som kan vera ein ulv. Observasjonen er gjort i området Øvergrend.

Dei som har sett dyret kan sjølvsagt ikkje stadfeste at det er ulv, men at det absolutt såg slik ut.

Landbrukskontoret har sendt ut melding om observasjonen.

Fjuken har òg fått melding om observasjon av mogleg ulv i Garmo torsdag kveld.

– Det var ulv, får vi opplyst på telefon frå andre som har observert dyret i Øyom fredag føremiddag.

Det har ikkje lykkast å få tak i Statens naturoppsyn for å høyre om dei er på saka.