– Ei spesiell oppleving

– Fyrst trudde eg det var ein hund, men han var så stor og han sprang så fort. Eg skjønte fort at det måtte vera ein ulv, seier Gry Irene Ringebo.

Ulv Gry Irene Ringebo fekk så vidt fotografert det ho - og fleire andre - meiner må vera ein ulv.   Foto: Gry Irene Ringebo.

Nyheiter

Fleire har sett det dei meiner er ulv i Lom fredag føremiddag.

Gry Irene Ringebo kom køyrande frå Garmo ved 9-tida da ho la merke til eit dyr heilt nede ved grøftekanten, like ved oppkøyringa til Øvergrenda.

– Ein hund, tenkte eg. Men han var så stor, og halen var svært fyldig og tjukk. Da han sprang oppover jordet og mot skogen, gjekk det svært fort. Og han sprang skikkeleg elegant, liksom, heilt annleis enn ein «vanleg» hund. Da eg såg at også andre bilar stoppa for å sjå, skjønte eg at det var fleire som tenkte som meg: At det måtte vera ein ulv, fortel Gry Irene.

Ho fortel at ho er «over gjennomsnittet redd alle ville dyr», som ho uttrykkjer det.

– Eg vart litt skjelven med ein gong. Eg var inne på nettsida til Fjuken med jamne mellomrom, i håp om at andre hadde sett det same. Eg vart ordentleg glad da det kom ein artikkel om at andre hadde observert ulven, for da hadde eg iallfall ikkje sett syner, ler Gry Irene.


Mogleg ulv i Lom

Er det ulv i Lom?