Toradergruppa på fjernsynet

Tysdag kveld er Lom toradergruppe pauseinnslag under Extra-trekkinga på NRK1.

På fjernsynet Lom toradergruppa blir profilert på fjernsynet under Extra-trekkinga tysdag.  Foto: Silje Drevdal

Nyheiter

Det er ikkje alle pauseinnslag på fjernsynet som er verdt å sjå, men tysdag kveld er det grunn til å sitje klistra framfor skjermen.

Under Extra-trekkinga klokka 18.30 spelar nemleg Lom toradergruppe opp.

Øystein Nicolaisen som driv opplæring av unge toraderspelemenn, starta for to år sidan opp toradergruppa. Gruppa har ti medlemmer mellom 12 og 16 år.

– Desse ungdommane er like gode til å spele som vaksne, seier eldsjela Øystein Nicolaisen.

Under Landsfestivalen i Gaupne for halvanna veke sidan, gjekk toradergruppa til topps i klasse lagspel for durspel og trekkspel.

Innslaget på fjernsynet tysdag inneheld glimt frå Landsfestivalen og øvingar heime i Lom.

– Det er artig at vi blir profilert på fjernsynet, seier Nicolaisen.