Ny butikk i Lom

Hårloftet har flytta på bakkeplan og sel meir enn berre ny frisyre.

Velkomne Astrid Aaboen og Sunniva Bø kan ynskje kundar velkomne til ny frisøsalong og ny butikk.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Der Brimibue tidlegare heldt hus på Gjeisarhaugen, har Astrid Bjørgen Aaboen og Sunniva Bø opna ny frisørsalong - og butikk.

Før kundane set seg i frisørsalongen kan dei la seg friste av mote - for damer.

I tillegg har dei òg eit lite utval av interiørting til heimen. Også makeup finst i hyllene, og etterkvart vil såkalla accessories bli å finne i den nye butikken.

Hårloftet låg tidlegare i toppetasjen på Fjoset, midt i Bergomsgarden.

Klypp Magnar Kolden var ein av dei fyrste kundane i den nye salongen. Linn Larsen har fiksa sveisen hans.  Foto: Hans Erik Kjosbakken