Vågåkveld til tusen

Vagværane var «ubluge» da dei baud fram det beste av Vågåkulturen.

Vil du gifte deg Anne Vegar Vårdal hadde komponert brurmarsjen som var avslutningsnummeret på Vågåkvelden. Her saman med Vågå spelemannslag, Tone Jorunn Tveito, Aasmund Nordstoga og Damer i D-dur.  Foto: ARVE DANIELSEN

Populære Dei unge jentene i Viser og vers tok publikum med storm.  Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

Det var eit forrykande førestilling som vart servert for ein fullsett Vågåhall fredag kveld under Landskappleiken.

Vågåkvelden var ei stormønstring der 104 aktørar i alderen 6-80 år deltok i førestillinga «Ikkje ver blug, kyss meg!». Førestillinga hadde henta inspirasjon frå filmen Fante-Anne som vart spela inn i Vågå i 1920.

Førestillinga var eit bestillingsverk som Mette og Vegar Vårdal i Kultivator har laga saman med Vågå spel- og dansarlag.

Eit eige band var sentralt i førestillinga med Vegar Vårdal på fele, Vegar Moshagen på tangentar, Aasmund Reistad på gitar, Kenneth Ekornes på trommer.

Her kom nye tonar og tradisjonsmusikk i ny drakt som perler på ei snor, med song, dans og musikk.

Avslutningsnummeret var ein nyskrive brurmarsj av Vegar Vårdal; «Vil du gifte deg Anne».

Elles deltok desse på Vågåkvelden: Aasmund Nordstoga, Vågå spelemannslag, Tone Jorunn Tveito, Leif Inge, Anders og Eirik Schjølberg, Bjørn Kåre Odde, Øyvind Sandum, FolkRekrutt, Juniorlaget i Vågå, Viser og Vers, Hallinggutar, Sprell, Halgrim Høye Haug, Even Lusæter, Skultbakkalaget, Speledåsin, Damer i D-dur, Thomas Bakke og Øyvind Skogum.

Les meir frå konserten og Landskappleiken i avisa.