Opna kontorfellesskap på Liehjørna

Tolv gründerar frå Skjåk, Lom, Lesja og Vågå har base i kontorfellesskapet BETA som vart opna på Liehjørna måndag.

BETA Ein flott bukett gründerar under opninga av BETA på Liehjørna. Frå venstre står Thea Dalen, Endre Skjåk, Kari Anna Sandvik, Merete Dagsgard, Torill Bye Wilhelmsen, Vegar Vårdal, Sofie Kleppe, Marius Haugaløkken og Morten Stensland Løwe.   Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

BETA er eit gründer- og kontorfellesskap i Vågåmo som samlar folk frå heile Nord-Gudbrandsdalen; Skjåk, Lom, Lesja og Vågå.

Måndag var det høgtidleg opning av BETA som har heile andreetasjen på Liehjørna med elleve kontorplassar i ope landskap.

– Her har vi facilitetar som ei lita bedrift treng for å få ting til å gå rundt, og også invitere samarbeidspartnarar og kundar på besøk, sa husvert og Fjellflyt-gründer Torill Bye Wilhelmsen under opninga.

Namnet BETA er det mange som undrar på.

– BETA er ikkje berre den andre bokstaven i det greske alfabetet, men vart også brukt som prototype i programvareutvikling. For oss handlar det like mykje om ei innstilling. BETA minner oss på at vi må vere villige til å dele, ta risiko. Vi vil gjerne teste ut nye ting, vere ein idéverkstad der vi set nye ting ut i livet. Målet er å skape interessante arbeidsplassar og lønnsame bedrifter, og ha det moro medan vi gjer det, sa Torill Bye Wilhelmsen.

Tolv bedrifter vil vere lokalisert på BETA:

Eldrid Sørumgård Botheim frå Lesja som driv med prosjektleiing og grafisk design, Endre Skjåk frå Lom som driv Teater Skjåk/Kvaale gård, Kari Anna Sandvik frå Drammen og Lemonsjøen som driv Alvens vikarer, Marius Haugaløkken som driv Gjendesheim turisthytte, Merete Dagsgard frå Skjåk som driv MD design, Mette og Vegar Vårdal frå Vågå som driv Kultivator, Morten Stensland Løwe frå Vågå som driv Løwehjerte, Thea Dalen frå Vågå som driv med økologisk mat, Sofie Kleppe får Vågå som driv Jutulskinn og Torill Bye Wilhelmsen frå Vågå som driv Fjellflyt. I tillegg kjem fotograf Kristoffer Mæle Thuestad og tekstforfatter Sigurd Rønningen som båe flyttar til Vågå seinare i år.

BETA har fått starthjelp, både økonomisk og faglig av Lillehammer og Gudbrandsdal Kunnskapspark. Det var leiar Trude Emaus som fekk æra av å klyppe snora under opninga.

– Vi er glade for dette initiativet. Det å skape møteplass der ein sit i lag vil skape idear og grobotn for nye bedrifter og vekst. Vi vil heie fram slike initiativ i heile dalen, sa Trude Emaus.